Foldrøy Montessoriskule

Skulen opnar hausten 2026

Ein stad for nyfikne born og store draumar

Foldrøy Montessoriskule blir ein stad der born får lære, utforske og vekse i sitt eige tempo, med trygge vaksne som vegleiarar.

Skulen er planlagt å opne hausten 2026, og søknad om godkjenning er sendt til Utdanningsdirektoratet. Allereie no er komande rektor og lærarar i gang med Montessori-utdanning, slik at me kan gje borna eit solid og inspirerande læringsmiljø frå fyrste skuledag.

Om skulen

Foldrøy Montessoriskule – læring på barnets premiss

Foldrøy Montessoriskule vil ha ein kapasitet for inntil 70 elevar frå 1.–7. trinn. Skulen blir organisert som ein to-delt montessoriskule, der born lærer saman på tvers av alderstrinn.

På Foldrøy ligg skulebygget med sjøutsikt frå alle klasserom – ein stad der natur, meistring og fellesskap går hand i hand.

Skulebygget vil innehalde:

  • Lyse læringsrom med sjøutsikt
  • Eige skulekjøkken
  • Felles lunsjområde
  • Gymsal
  • Store uteområde for leik og læring
Foldrøy Montessoriskule bygning

Kvifor velje Foldrøy Montessoriskule?

Foldrøy Montessoriskule gir born tid, rom og ro til å fordjupe seg, utforske og lære på eigne premiss.

Læring i små grupper

Hos oss får borna tett oppfølging i mindre grupper, der lærarane har god tid til kvart barn.

Sjølvstendig arbeid

Borna får arbeide sjølvstendig og utforske eigne interesser i eit tilrettelagt miljø.

Ansvar og samarbeid

Borna utviklar ansvarskjensle og samarbeidsevner gjennom praktiske aktivitetar.

Læring på tvers av alder

Borna opplever læring på tvers av alderstrinn, der dei eldre borna blir førebilete for dei yngre.

Naturen som klasserom

Me brukar naturen aktivt i kvardagen, med utforsking og læring i nærmiljøet.

Leksefri skule

Skuledagen er tilrettelagt for at borna får gjort arbeidet sitt i trygge, strukturerte økter.

Skulekvardagen vår

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Elevane skal få gjort arbeidet sitt i løpet av skuledagen, i trygge og strukturert tilrettelagde økter.

Ein vanleg dag *kan* sjå slik ut:

(dette er ikkje fastsett enda)

  • 0800-0815 - Leksehjelpsmorgon
  • 0815-1115 - Fyrste arbeidsøkt (inkludert frukt/grønt)
  • 1115-1145 - Lunsj
  • 1145-1245 - Utetid
  • 1245-1445 - Andre arbeidsøkt (feks. kroppsøving, symjing og skulekor er lagt til sisteøkta)

NB! Fredag er elevane ferdige kl 13.00, og det er kortare utetid denne dagen.

Om Montessori

Montessoripedagogikken er ein internasjonalt anerkjend pedagogisk retning utvikla av den italienske legen og pedagogen Maria Montessori (1870–1952). Ho baserte metoden sin på grundige observasjonar av barn og ei overtyding om at alle barn har ein naturleg trong til å lære.

Hovudprinsipp i Montessoripedagogikken

  • Bornet i sentrum: Læringa tek utgangspunkt i barnet sine interesser, utviklingsnivå og indre motivasjon.
  • Fridom under ansvar: Barna får reell valfridom innanfor klare rammer og struktur.
  • Tilrettelagt miljø: Klasserommet er nøye planlagt med konkrete materiell og arbeidsstasjonar som stimulerer til utforsking.
  • Aldersblanding: Barna lærer i aldersblanda grupper, noko som gir moglegheit for samarbeid, rollemodellar og sosial læring.
  • Læraren som vegleiar: Læraren observerer, rettleiar og støttar barnet i si eiga utvikling – i staden for å vere ein tradisjonell formidlar.

Korleis skil Montessori seg frå meir tradisjonell undervisning?

Montessoriskular brukar dei same læreplanane og dekker dei same faga som andre skular, men metodane er annleis.

Tradisjonell skule

  • Læraren underviser heile klassen
  • Alle gjer det same samtidig
  • Læring gjennom bøker og tavle
  • Skuledagen delt i korte økter
  • Aldersinndelte klassar

Montessoriskule

  • Individuell vegleiing
  • Barnet vel sjølv rekkefølge
  • Konkrete læremiddel og erfaringar
  • Lange arbeidsøkter
  • Aldersblanda grupper

Forskning og Montessori

Det finst ei rekke studiar som støttar nytteverdien av Montessoripedagogikk, mellom anna med omsyn til:

  • Konsentrasjon og fordjuping
  • Sosial kompetanse og empati
  • Sjølvstende og ansvarskjensle
  • Indre motivasjon og livslang lærelyst

Samtidig peikar forskarar på at kvaliteten på tilrettelegging og gjennomføring er avgjerande – noko me i Foldrøy Montessoriskule tek på alvor.

Montessori i Noreg

Montessoripedagogikken er godkjend som alternativ pedagogisk retning etter privatskulelova. Det finst no over 80 Montessoriskular i Noreg, og fleire barnehagar. Desse er knytt saman gjennom Montessoriforbundet, som også godkjenner planverk og tilbyr rettleiing.

Montessori-undervisning

Kven står bak

Foldrøy Montessoriskule AS er etablert av Foldrøy Grendautval, med mål om å vidareføre skuletradisjonen i bygda gjennom eit framtidsretta tilbod for born og familiar på Bømlo og omegn.

Styret består av:

  • Roy Arne Fylkesnes (styreleiar)
  • Ingunn Elise Sørvik (styremedlem og dagleg leiar)
  • Linn Iren Størkson Hidle (styremedlem)
  • Nils Ragnar Vika (styremedlem)
  • Elisabeth Gjøsæther Løkling (styremedlem)
  • Per Arnt Hope (styremedlem)
  • Marita Koldal Stølen (styremedlem)

Styret representerer brei erfaring frå ulike felt som organisasjonsarbeid, administrasjon, samfunnsutvikling og arbeid med born og unge. Målet vårt er å etablere ein skule som er solid forankra i lokalsamfunnet og som gir elevane eit inspirerande og tilrettelagt læringsmiljø.

Foldrøy Montessoriskule School Board

Styret i Foldrøy Montessoriskule: Roy Arne Fylkesnes, Ingunn Elise Sørvik, Linn Iren Størkson Hidle, Nils Ragnar Vika, Elisabeth Gjøsæther Løkling, Per Arnt Hope og Marita Koldal Stølen.
Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Om bygda Foldrøy

Foldrøy er ei lita og samlande bygd på Bømlo, med utsikt mot stokksundet og med skog, Siggjo (fjell), vatn og fjæra like i nærleiken. Her lev folk tett på naturen og på kvarandre – i eit fellesskap prega av tillit, dugnadsånd og ro.

Bygda har lang tradisjon for samarbeid på tvers av generasjonar, og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Her kjenner folk kvarandre, og det er låg terskel for å hjelpe til – enten det gjeld ein dugnad, ulike arrangement, eller å samle seg om å etablere ein ny skule.

Foldrøy er ikkje stor på kartet, men har eit stort hjarte. Det er denne varmen og samhaldet me bygg vidare på når me etablerer Foldrøy Montessoriskule.

Bli betre kjent med bygda på www.foldroy.no

Foldrøy sør

Skulen sine dokument

På denne sida finn du viktige dokument som fortel meir om korleis skulen vår er organisert, og kva som gjeld for elevar og føresette.

Me ønskjer å vere opne og tydelege på våre reglar og rutinar, slik at du som føresett kan kjenne deg trygg på kva Foldrøy Montessoriskule står for.

Spørsmål og svar

Når kan ein søkje plass?

Det er ikkje mogleg å søkje skuleplass før Foldrøy Montessoriskule har fått endeleg godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. Me har søkt om oppstart frå hausten 2026, og ventar svar i løpet av 2025/start 2026. Så snart skulen er godkjend, vil me opne for søknad. Informasjon om opptak vil bli publisert her på nettsida.

Sjå inntaksreglement for korleis me prioriterer søknadar.

Kan ein vise interesse no?

Ja, det kan du gjerne! Me vil gjerne komme i kontakt med føresette som vurderer Foldrøy Montessoriskule for barnet sitt. Ta kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer å høyre meir – det forpliktar ikkje til søknad, men hjelper oss å få oversikt over interessa.

Kva kostar det å gå på Foldrøy Montessoriskule?

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein gratis grunnskule for elevane. Som friskule får skulen offentleg tilskot og driv ikkje med skulepengar. Me ser derimot føre oss ein gitt sum til mat per månad, frukt og drikke per månad (elevane får og lagar lunsj sjølv på skulen).

Er det krav om at barnet må ha gått i Montessori-barnehage?

Nei, absolutt ikkje. Alle born er velkomne, uavhengig av kva barnehagetilbod dei har hatt. Montessoripedagogikken passar for born med ulik bakgrunn og tilnærming til læring. Dei første vekene vil me bruke god tid på å bli kjende og introdusere elevane for metodane og rytmen i kvardagen.

Korleis er skulen organisert?

Foldrøy Montessoriskule vil vere ein to-delt montessoriskule. Det betyr at elevar frå ulike årssteg blir organiserte i større aldersblanda grupper – til dømes 1.–4. og 5.–7. klasse samla. Dette gir barna høve til å lære med og av kvarandre, og det fremjar samarbeid, sjølvstende og respekt på tvers av alder.

Kva skil Foldrøy Montessoriskule frå ein vanleg grunnskule?

Hovudskilnaden ligg i pedagogikken og organiseringa. Me legg stor vekt på:

  • at borna får arbeide i sitt eige tempo
  • at arbeidsøktene er lange og uforstyrra
  • at born får utforske praktiske og teoretiske emne side om side
  • at læraren er ein vegleiar, ikkje ein som står framme og underviser heile gruppa

Samstundes følgjer me krav i læreplanverket og gir ei fullverdig grunnskuleutdanning.

Har de lekser?

Nei. Foldrøy Montessoriskule vil vere ein leksefri skule. Elevane skal få gjere det meste av arbeidet sitt i løpet av skuledagen. Me ønskjer at ettermiddagane skal vere frie til kvile, leik og familietid, og at elevane skal ha ein god balanse mellom skule og fritid.

Har de SFO?

Dette er ikkje avklart enno. Me informerer om dette på nettsida når det blir klart.

Korleis vert det med skuleskyss?

Elevar ved privatskuler har same rett til skuleskyss som ved offentleg skule.

Kven kan eg kontakte om eg har spørsmål?

Du er alltid velkomen til å ta kontakt med oss:

Telefon

92 85 34 79